Tussa vil erstatte kabel-TV-nett med fiber
Tussa har planar om å erstatte kabel-TV-nettet hos 1500 kundar i Ulstein, Hareid og Herøy med fiber. Behovet for kapasitet blir større og større, og fiber vil gi nødvendig kapasitet og stabilitet for framtida. Det vil ta om lag tre år å gjennomføre utbygginga.

Fyrste felt ut er Varleite i Ulstein med om lag 160 husstandar. Dersom Tussa oppnår nødvendig tal bestillingar i dette feltet vil dei halde fram i resten av felta som i dag har kabel-TV-nett.
- Varleite vert eit prøvefelt og resultatet vil gi oss nyttige innspel til korleis vi bør gjennomføre fiberutbygginga i kabel-TV-områda i Ulstein, Hareid og Herøy, seier Driveklepp.
Salet i Varleite vil bli gjennomført i april og eventuelt vedtak om utbygging vil truleg skje i mai.