RSS - Tussa
(05.10.2020)
Tor Havåg, avdelingsleiar i krafthandelsavdelinga i Tussa ser at modellen leverer gode resultat. Samanliknar vi avviket mellom prognose og faktisk produksjon, ser vi at modellen leverer i snitt 35 prosent betre enn Tussa sine manuelle prognosar. Det betyr reduserte ubalansekostnader, betre produksjonsplanlegging og frigjering frå manuelle oppgåver for kraftprodusenten.

Standal kraftverk har vore pilotkraftverk for Montel sin modell for elvekraft-produksjonsprognosar
Tussa tek i bruk kunstig intelligens i kraftproduksjonen
Tussa har vore med å utvikle ein modell som brukar maskinlæringsteknologi for å forutsjå produksjonen i uregulerte vasskraftverk. Standal kraftverk har vore pilotkraftverk for modellen, som fungerer så godt at han no er teke i bruk på Tussa sine elvekraftverk.

Det er Montel som har utvikla og leverer modellen for elvekraft-produksjonsprognosar, også kalla ROR-prognosar (Run-of-the-River). Krafthandelsavdelinga i Tussa, her ved Bård Bjørneset, har vore med å utvikle modellen.
Lærer vêr-og produksjonmønster
Silje Landmark, sales manager i Montel, forklarar korleis modellen fungerer.
- Maskinlæring er ei grein innanfor kunstig intelligens, som kort og godt handlar om mønstergjenkjenning. Modellen lærer vêr- og produksjonsmønster i uregulerte kraftverk, og brukar dette til å predikere kraftproduksjonen for morgondagen og opp til ei veke fram i tid, seier ho.
Forbetring på 35 prosent

- Og ei av styrkane ved modellen er at han kontinuerleg lærer av meir data. Difor er han også spesielt godt eigna for uføreseieleg elvekraft, seier Tor Havåg.
Ønskjer fleire brukarar i Noreg og Europa
Det er i dag tre selskap i tillegg til Tussa som testar Montel sine modellar.
- Vi har no utvikla ein robust modell som har god skaleringsevne, og vil framover jobbe for å få fleire selskap til å teste og nytte modellane våre, både i Noreg og i resten av Europa, seier Silje Landmark i Montel.

Standal kraftverk har vore pilotkraftverk for Montel sin modell for elvekraft-produksjonsprognosar