RSS - Tussa
(08.03.2019)
 

Tussa støttar kultur og idrett

Tussa har fordelt sponsormidlane for 2019. I år vart midlane fordelte på totalt 139 lag og organisasjonar på søre Sunnmøre.

Det er frivillige lag og organisasjonar som driv aktivitet retta mot barn og ungdom som blir prioriterte når Tussa deler ut sponsormidlar. Målet er å gi litt til alle, og det har vi oppnådd i år. Korps, barnekor, idrettslag, fritidsklubbar, speidarar, festivalar og rideklubbar er blant dei som har fått sponsormidlar i år.
 
Bakgrunnen for sponsorverksemda er at Tussa ønskjer å gi noko tilbake til bygdene der vi utnyttar felles naturressursar. Vi vil bidra til levande lokalsamfunn, noko vi er avhengige av for å vere ein attraktiv arbeidsplass, ha kompetente leverandørar og ein marknad å tilby produkta og tenestene våre i.
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200