RSS - Tussa
(26.02.2020)
 

Tussa sponsar Karsten Warholm International

Tussa er stolt støttespelar av Karsten Warholm International som går av stabelen fredag 28.februar i Ulsteinhallen. Stemnet samlar alt frå eliteutøvarar til regionale og lokale talent, og er ei stor hending for friidrettsmiljøet på Sunnmøre.

Karsten Warholm International er eit innandørs elitestemne med internasjonal matching for fleire av dei beste friidrettsutøvarane i Noreg. Stemnet vert arrangert i samarbeid med Karsten sin moderklubb Dimna IL.

Frå Team Coop Tokyo kjem utøvarar som Karsten Warholm, Amalie Iuel, Hedda Hynne og Marcus Thomsen. I tillegg vil du sjå fleire andre nasjonale, internasjonale og lokale utøvarar i aksjon.

Tussa har støtta Dimna IL i ei årrekkje, og ønskjer lukke til med Karsten Warholm International!


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200