RSS - Tussa
(11.12.2018)
 

Tussa sel aksjar i Istad

Tussa Kraft AS (Tussa) har inngått avtale om å selje delar av aksjeposten sin i Istad AS til Kommunal Landspensjonskasse (KLP). Etter salet vil Tussa eige 36 prosent av aksjane i Istad AS og KLP eige 13 prosent av aksjane i Istad AS.

Prisen for aksjane er 103 millionar kroner. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 prosent) og Moldekraft AS (17 prosent).
 
Tussa kjøpte aksjeposten i Istad i juni i år, og kjøpet var motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal.
 
- Tussa har eit godt samarbeid med KLP gjennom KLP sitt eigarskap i Tussa Kraft. Salet av aksjane til KLP er ein lekk i å utvikle samarbeidet mellom partane vidare, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.
 

Elling Dybdal
 
- KLP har eit langsiktig perspektiv som finansiell investor i norske kraftselskap. Investeringane våre er med på å fordele pensjonsmidlar, og gi god avkastning og stabilitet i porteføljen. Vi har allereie eit godt samarbeid med Tussa Kraft, og har stor tru på at denne investeringa vil passe godt i forvaltninga av pensjonsmidlar, seier Aage Schaanning, konserndirektør økonomi og finans i KLP.
 
Gjennomføring av avtalen er på vilkår av samtykke og godkjenning i styra og Finanstilsynet.
 
 
For meir informasjon:
Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa, tlf. 918 52 540
E-post: elling.dybdal@tussa.no

Aage Schaanning, konserndirektør økonomi og finans i KLP, tlf. 905 24 312
E-post: aage.schaanning@klp.no

Harald Koch-Hagen, direktør strategisk aktivaallokering i KLP, tlf. 975 99 987
E-post: harald.koch-hagen@klp.no

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200