RSS - Tussa
(13.09.2018)
 

Tussa satsar på lærlingar

Dei har god grunn til å smile, lærlingane i Tussa. Å få seg læreplass er ikkje ei sjølvfølge. I yrkesfaga sitt år 2018 tek Tussa inn fleire lærlingar enn dei fleste.

Ny kompetanse, fagleg oppdatering og rekruttering, det er mange fordelar med lærlingar. Her er Tussa sine 13 lærlingar i Ørsta. I tillegg kjem 6 lærlingar i Ulsteinvik.
 
Haustfargane byrjar så vidt å bli synlege i fjellsidene, og Opplæringskontoret for elektrofag er ute på sin årlege signeringsturne. Sju nye lærlingar skal skrive under lærlingkontrakt i Tussa. Alt i alt har Tussa Installasjon 19 lærlingar i elektrofag fordelt på avdelingane i Ørsta og Ulsteinvik.
 
- Tussa er blant dei som tek inn flest lærlingar i fylket i år. Det er vi glade for. I dag er det ikkje ei sjølvfølge for elevane å få seg læreplass, seier Espen Hoddevik i Opplæringskontoret for elektrofag.
 
Viktig å satse på lærlingar
Tussa Installasjon tek inn lærlingar både fordi det er eit samfunnsansvar, og fordi det tilfører nye krefter og kompetanse til bedrifta.
 
- Læretida er ein viktig del av utdanningsløpet for ein elektrikar, og det vil vi støtte opp om. Med lærlingane følgjer også oppdatering i læreplanar og utvikling i faget, og det er noko vi haustar godt av. I tillegg ønskjer mange å halde fram med å jobbe for oss etter læretida, så det fungerer også som ein rekrutteringskanal. I dag har vi montørar, basar og prosjektleiarar som starta som lærlingar hos oss, seier Roar Stenersen, adm. direktør i Tussa Installasjon.
 
Godt integrerte i bedrifta
Roar Stenersen har nettopp ønskt dei fem nye lærlingane ved avdelinga i Ørsta velkommen. No sit det 13 lærlingar i elektrikaruniform rundt møtebordet, klare for å få vite meir om bedrifta og kva som vert venta av dei på jobb. Det blir lagt stor vekt på godt arbeidsmiljø, å vere serviceinnstilt i møte med kundane og å vere ein god ambassadør for bedrifta.
 
I samtalane etterpå vert dette trekt fram som positivt av lærlingane.
 
- Det er godt arbeidsmiljø og høg kompetanse blant montørane, seier ein. Ein annan trekkjer fram varierte dagar og oppgåver. – Her får vi jobba både på både små og store prosjekt, hos bedrifter, industri og privatpersonar.
 

Desse fem har nettopp starta på læretida si hos Tussa Installasjon avdeling Ørsta. Frå venstre: Joar Elde Sætre, Lars Erik Gjersdal, Øyvind Glimsdal, Gard Rekkedal og Tore Nord Flote.
 
Knapt med læreplassar
For dei som står utan læreplass så er rådet frå Opplæringskontoret enkelt. Ikkje gi opp.

- Vi veit av erfaring at for mange så ordnar det seg utover hausten, seier Hoddevik. – Det gjeld å stå på og halde kontakta med bedriftene.
 
Yrkesfaga sitt år 2018
2018 er yrkesfaga sitt år, og for fyrste gong på mange år vel like mange yrkesfag som studiespesialisering. I overkant av 34 500 norske elevar starta på yrkesfag på vidaregåande no i haust. Det er halvparten av dei nærare 69 500 elevane som har fått plass, viser dei nasjonale inntakstala for vidaregåande opplæring (ref. yrkesfag.no).
 

Dei nye lærlingane i Ørsta er samla til kontraktskriving. Espen Hoddevik i Opplæringskontoret for elektrofag til høgre.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200