Tussa på Lindbak Expo
For andre år på rad deltok Tussa på Lindbak Expo. Nærare 100 deltakarar samla seg på konferansen for å høyre siste nytt innanfor effektive arbeidsplassar, IT-sikkerheit, og eksponering på digitale flater.

Lindbak Expo er eit samarbeid mellom Lindbak, Reklameservice og Tussa, og har utvikla seg til å bli ein viktig fagdag i regionen.
Denne gongen var det arkitekturpsykolog Oddvar Skjæveland som var første føredragshaldar ut. Skjæveland kjem frå selskapet Mellomrom AS, og presenterte teori og praksis rundt bruk av ulike kontorløysingar. Kvifor vel dei fleste sunnmøringar framleis cellekontor, var spørsmålet han stilte. Skjæveland kom også med sine synspunkt på korleis ein kan optimalisere både cellekontoret og ope kontorlandskap.

Torgeir Waterhouse engasjerte med sitt innlegg om ny teknologi, fallgruver og moglegheiter

Fullsett sal før Marit Bjørgen snakkar om prestasjonskultur, og delte erfaringane sine frå toppidretten