RSS - Tussa
(21.06.2018)
 

Tussa overtek Statkraft sin eigardel i Istad

Tussa Kraft AS overtek Statkraft sin 49 % eigardel i energiselskapet Istad AS i Møre og Romsdal. Dei resterande eigardelane i Istad er eigd av Molde kommune (34 %) og Moldekraft AS (17 %).

Christian Rynning-Tønnesen Statkraft og Elling Dybdal Tussa Kraft

- Prisen er konfidensiell, men kjøpar og seljar har blitt samde om ein akseptabel pris for begge partar, seier konsernsjef i Tussa, Elling Dybdal.

Tussa Kraft sitt kjøp av aksjeposten er motivert av det langsiktige ønsket om å utvikle ein solid energiverkstruktur i Møre og Romsdal.

Aksjeoverdraginga kan først gjennomførast etter at naudsynte godkjenningar ligg føre frå styresmaktene og aktuelle styre.
 
Foto frå signering 21. juni. Konsernsjef Christian Rynning-Tønnesen (Statkraft) og konsernsjef Elling Dybdal (Tussa).

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200