RSS - Tussa
(12.04.2019)
 

Tussa med årsresultat på 56,2 mill. kr

Resultatet er på nivå med 2017, og viser god drift innanfor alle forretningsområda. Det har vore få driftsavbrot innan både energi og breiband.

Tussa hadde samla driftsinntekter på 1 048,2 mill. kr og eit driftsresultat på 132,5 mill. kr i 2018. Resultat før skatt vart 98,1 mill. kr, og etter skatt vart resultatet 56,2 mill. kr.

Nøkkeltal for Tussakonsernet
2018
2017
Driftsinntekter
1 048,2 mill. kr
811,7 mill. kr
EBITDA
252,9 mill. kr
263,0 mill. kr
Driftsresultat
132,5 mill. kr
131,6 mill. kr
Resultat før skatt
98,1 mill. kr
103,5 mill. kr
Resultat etter skatt
56,2 mill. kr
56,8 mill. kr
Utbyte pr. aksje
13 042 kr pr. aksje
11 000 kr pr. aksje
Eigenkapital
869,1 mill. kr
850,0 mill. kr
Eigenkapitalprosent
29,5 %
34,8 %
Totalkapitalrentabilitet
6,8 %
6,6 %

Både driftsinntekter og -kostnader har auka frå 2017 til 2018 for konsernet. Hovudårsakene til dette er høgre kraftprisar og at kraftkjøpet for vidaresal til sluttbrukar vart lagt om frå konsernintern handel til konsernekstern handel frå september.

For summen av forretningsområda er resultatendringane frå i fjor små.

Tussa kjøpte aksjar i Istad AS og ved utgangen av året var Tussa største aksjonær med 36 % av aksjane.

Nedgang i kraftproduksjonen
Tussa produserte 594 GWh elektrisk kraft i 2018. Til samanlikning vart det produsert 745 GWh i 2018. I 2018 var gjennomsnittleg spotpris i området vårt 42,3 øre/kWh mot 27,5 øre/kWh i 2017.

Tussa kraftverk vart stoppa frå mars til august for planlagd vedlikehald og oppgradering. Det er forventa at produksjonen i kraftverket vil auke med rundt 15 GWh (5 %) på årsbasis. Tenneelva kraftverk, med ein forventa årsproduksjon på 10 GWh, vart sett i drift heilt på slutten av året.

Forretningsområdet kraftsal hadde eit driftsresultat på 1,5 mill. kr (6,8) og eit resultat før skatt på 0,9 mill. kr (6,8).

Forbetra resultat i nettverksemda
Tussa eig 46,34 % av Mørenett AS, og Tussa sin del av Mørenett hadde eit driftsresultat på 54,6 mill. kr (41,2) i 2018, medan resultatet før skatt vart 47,5 mill. kr (57,2). Driftsresultatet vart forbetra frå 2017 til 2018 med 13,4 mill. kr. Dette trass i at selskapet hadde eit avbrot i leveringa den 28. februar som er kostnadsført med 8,4 mill. kr.
 
IKT i vekst
Forretningsområdet hadde eit driftsresultat på 17,5 mill. kr i 2018 (12,1) medan resultatet før skatt vart på 8,6 mill. kr (4,1).
 
Eksterne kommunikasjonsprodukt hadde ein omsetningsvekst på 7,6 % i 2018 og eksterne IT-produkt hadde ein omsetningsvekst på 9,8 %. Det er potensiale for ytterlegare vekst både innanfor kommunikasjons- og IT-tenester, og det er forventa sterkare resultat framover.
 
Betre utsikter i installasjon
Forretningsområdet hadde eit driftsresultat på -1,7 mill. kr i 2018 (2,3), medan resultatet før skatt vart på -1,6 mill. kr (2,4). Det negative resultatet har samanheng med hard konkurranse i installasjonsmarknaden, spesielt på fastprisprosjekt mot næringsmarknaden. I tillegg har selskapet bokført tap på 0,8 mill. kr i samband med konkursar. Utover året har det likevel vore god ordreinngang og tilgang på arbeid. Marknaden er framleis prega av hard konkurranse, men det er høg aktivitet i selskapet og utsiktene for 2019 og 2020 er difor betre.
 
Auka utbyte
Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Styret har vedteke å avsetje 39,5 mill. kr til utbyte for 2018 (33,4), i samsvar med aksjonæravtalen som gir signal om eit utbyte på 60 % av gjennomsnittet av dei tre siste årsresultata.

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200