RSS - Tussa
(26.04.2019)
 

Tussa har Noregs beste kundesenter

Tussa sitt kundesenter er kåra til best i test innanfor kategorien energi. Førsteprisen vart delt ut under Call Center-dagane 25. april.

Tussa kundesenter - best i test 2019
Det er ikkje fyrste gongen Tussa stikk av med den gjeve prisen. Også i 2017 gjekk Tussa til topps i kåringa av beste kundesenter i energibransjen.
 
- Konkurransen om å bli best er knallhard. At vi plasserer oss på toppen av lista blant alle dei store kraftleverandørane i Noreg viser at vi lykkast i satsinga vår på kundeservice, og det inspirerer oss til å bli enda betre. Det er svært viktig for oss å ha fornøgde kundar. Det å ta godt vare på kundane ved å yte god service, innfri kundane sine forventningar og dekke behova deira, er noko vi jobbar mykje med kvar einaste dag, seier Per-Are Sørheim, adm. direktør i Tussa-24.
 
Call Center-dagane er Nord-Europas største konferanse innanfor kundeservice. Kundeserviceprisen kårar årets beste på kundeservice i 18 ulike kategoriar. I år var heile 143 selskap med i vurderinga innanfor dei ulike kategoriane.  

 
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200