RSS - Tussa
(30.01.2020)
 

Tussa forlenger sponsoravtalen med ØIL Fotball

Tussa og Ørsta IL Fotball har signert sponsoravtale for tre nye år.

Stolt sponsor av fotball
- Vi har samarbeidd med ØIL Fotball i mange år. Dette er ein av dei største klubbane i området vårt, og ein av bærebjelkane for idretten i Ørsta. Visjonen deira om å vere ein arena for alle og gi rom for den einskilde, går godt saman med Tussa sine mål. Vi ønskjer å vere ein lokal og ansvarleg medspelar, som bidreg til å skape aktivitet i lokalsamfunna på søre Sunnmøre, seier kommunikasjonssjef i Tussa, Ann Kristin Einbu.
 
 
Arnstein Sandvik, dagleg leiar i fotballgruppa er svært nøgd med å forlenge avtalen med Tussa.
 
-Tussa er ein av hovudsponsorane våre, og er difor svært viktig for at vi skal kunne leggje til rette for aktivitet for dei rundt 500 aktive medlemmane våre. ØIL Fotball er ein av dei største klubbane på Sunnmøre med over 50 lag. Vi er avhengige av eit lokalt næringsliv for å kunne gi eit godt tilbod til alle, seier Sandvik.
 
Levande lokalsamfunn
Over 100 lag og organisasjonar på søre Sunnmøre får sponsorstøtte av Tussa kvart år. Den bærande tanken bak Tussa si sponsorverksemd er å bidra til attraktive lokalsamfunn på søre Sunnmøre. Mengda sponsorsøknader kvart år viser at Tussa er ein viktig lokal sponsor. Blant søkjarane finn vi alt frå lokale korps og kor, talent innanfor idrett og kultur, idrettslag, speidargrupper og festivalar av ulike slag.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200