RSS - Tussa
(04.03.2020)
 

Tussa byggjer ut fiber på Leknes, Urke og Øye

Tussa og Ørsta kommune har inngått ein avtale om å byggje ut fiber på Leknes, Urke og Øye. Ørsta kommune har søkt og fått tilskot på 3 millionar kroner frå den statlege tilskotsordninga for fiberutbygging. Saman med kommunale midlar utgjer dette eit bidrag på 3, 24 millionar kroner for å realisere utbygginga.

Utbygginga omfattar sjøkabel frå Sæbø til Urke, og vidare til Maude og Øye. Om lag 50 husstandar og fem bedrifter vil få tilbod om å kople seg på fibernettet. Målet er at kundane skal vere kopla opp før jul i år.

Utbygginga vil gi innbyggjarane på Leknes, Urke og Øye eit raskare og meir stabilt breiband enn dei har i dag, godt trådlaust nett og den nyaste TV-boksen frå Get. I tillegg sørgjer utbygginga for fiberaksess til mobilmaster i området, noko som gir høg oppetid og kapasitet på mobilnettet. Fiberaksess til Tussa sitt kraftverk på Urke inngår også i utbygginga.

- Samfunnsmessig er dette eit flott prosjekt. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra til at så mange som mogleg i området vårt får fiber. I dag er fiber og gode kommunikasjonsløysingar like viktig som veginfrastruktur og straum for å oppretthalde busetnaden og bedrifter i bygdene, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

For Ørsta kommune er det viktig å få godt nettsamband over heile kommunen.

- Dette er ei av dei få større sonene som står igjen. Denne utbygginga vil styrke infrastrukturen i Hjørundfjorden både for dei som bur der, det aukande reiselivet, og det vil sjølvsagt vere svært positivt for beredskapen i området. Kommunen vil halde fram arbeidet for at også dei få andre attverande sonene skal få utbetra nettsambanda sine, seier Eldar Øye, assisterande kommunedirektør i Ørsta kommune.

Startar salet i april

Salet av fiber både til fastbuande og fritidsbustader startar i april. For at utbygginga skal bli realisert er det ein føresetnad at mange av innbyggjarane og bedriftene tingar fiber. Oppnår ein tilstrekkeleg kundegrunnlag vil utbygginga kunne starte opp i løpet av sommaren.

Sidan ein ikkje kan nytte statlege midlar til å byggje fiber til fritidsbustader, vil mange av dei som har hytte eller fritidsbustad i området kunne få tilbod om fiber på kommersielle vilkår.

Sikker løysing

Tussa tilbyr ei sikker løysing med eigen beredskap lokalt. Tussa sitt radionett blir oppretthalde som reservesamband i tilfelle fiberbrot.

Foto: Frå kontraktsignering mellom Tussa og Ørsta kommune. Frå venstre: Olve Øyehaug i Tussa, Bjørn Heggen i Ørsta kommune, Eldar Øye i Ørsta kommune, Ivar Driveklepp i Tussa og Olav Arne Vinjevoll i Tussa.


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200