Tussa byggjer fiber på Flø
Flø-buarane har over lengre tid signalisert stort behov for eit betre og meir framtidsretta breibandsnett. På nyåret startar Tussa utbygging av fiber til grenda.

Grendalaget på Flø har vore ei viktig drivkraft for å få realisert fiberutbygginga. Flø er eit område med spreidd busetnad, noko som gjer fiberutbygginga dyr. Frå Roppe til Ytreflø skjer difor utbygginga etter ein dugnadsmodell, der lokale eldsjeler tek hand om delar av arbeidet. Slik held ein utbyggingskostnadene nede. I dag har 80 % av innbyggjarane i grenda tinga fiber, og dei kan forvente å bli kopla opp i sommar.
Regional utvikling
- Det er fleire fordelar med fiber, men først og fremst er det mogleg med høgare hastigheit på breibandet. Med fiber kan tilby hastigheiter opp mot 500 Mbit. Vidare får kundane tilbod om Get si nye TV-plattform, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.