RSS - Tussa
(04.09.2019)
 

Telia og Tussa inngår fiberavtale

Telia inngår fiberavtale med Tussa, der Tussa leverer eit robust, fiberbasert aksessnett til Telia sitt mobilnett på søre Sunnmøre. Avtalen styrkjer Telia sin ambisjon om å gjere den norske mobilnettinfrastrukturen meir robust.

– Det er viktig for oss å sikre betre kontroll over eige nett, og å lande gode og langsiktige løysingar på vegen mot framtida sitt 5G-nett. Denne avtalen er eit nytt skritt i den retninga, seier Kirke Saar, nettverksdirektør i Telia Norge. 
 
Telia og Tussa inngår ein langsiktig avtale, og felles mål er å inngå eit tett samarbeid om å byggje opp eit robust aksessnett basert på fiber på sørlege delar av Sunnmøre.
 
– Avtalen gir oss gode føresetnader for å byggje eit framtidsretta mobilnett basert på ringstruktur og fiberaksess. Målet er at Tussa over tid skal levere tilnærma 100 prosent av transmisjonsbehovet vårt i regionen. Vi er også godt nøgde med å kunne utvide det gode samarbeidet vi har med Tussa som Get-partnar, seier Saar.
 
Tussa ser fram til samarbeidet med Telia
Tussa har sidan 2009 bygd ut eit omfattande fibernett på 2000 km på søre Sunnmøre. I dag kan 90 prosent av innbyggjarane og bedriftene i dei sju sunnmørskommunane kople seg på fibernettet.

– Det etablerte fibernettet er påliteleg og har god redundans, noko som gir eit godt utgangspunkt for å levere fiber til Telia sine mobilmaster. Ringstrukturar mot naboane våre i nord og sør gjer at vi kan vere med på å tilby Telia ei god regional løysing, seier Ivar Driveklepp, administrerande direktør i Tussa IKT.

Utbygging av fiber til Telia sine mobilmaster vil også kunne føre til at Tussa kan realisere fleire dugnadsfelt, og tilby breiband til fleire av dei som står utan tilbod når Telenor legg ned det gamle koparnettet.
 
– Vi er godt nøgde med at kundane våre får tilgang til eit mobilnett som er skalerbart både når det kjem til kapasitet og dekning. Fiber og mobilnett er teknologiar som utfyller kvarandre. Kundane vil i framtida trenge gode løysingar for begge, avsluttar Driveklepp.
 
Regionale fiberavtalar
Avtalen med Tussa føyer seg inn i rekkja av regionale fiberavtalar Telia har inngått dei siste åra, som med BKK Digitek i Bergen/Hordaland, Global Connect i Oslo, Akershus, Østfold, Bodø og Tromsø, Eidsiva i Hedmark/Oppland og TDC i Stavanger og Trondheim, før Telia i 2018 kjøpte opp TDC/Get.

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200