RSS - Tussa
(26.03.2021)
 

Telia og NENT samde om ny avtale

Partane er samde om ei ny langsiktig distribusjonsavtale som sikrar norske Telia-kundar tilgang til alle NENT sine kanalar og strøymetenester. Kanalane og strøymetenestene vil vere tilbake i Telia sine TV-pakkar i løpet av ettermiddagen fredag 26. mars.

Avtalen sikrar i følgje Telia valfridom, mangfald og moglegheita til å sjå kvalitetsinnhald på Noreg si mest moderne TV-plattform når kundane sjølv vil, der dei vil og på den skjermen dei vil.
 
Den nye avtalen gir Telia-kundane Noreg si breiaste portefølje av NENT-innhald. Det betyr blant anna Champions League og Bundesliga, i tillegg til verdscupen i alpint, langrenn, skihopp, kombinert, snowboard, freestyle og freeski frå 2021/2022-sesongen, og også VM på ski. Telia sine kundar vil også oppleve meir valfridom og fleksibilitet gjennom at meir av NENT sitt innhald kan veljast inn i valmenyen til Telia.
 
Begge partane er særs nøgde med å kome i mål med ein ny avtale. Telia skriv på sin nettstad at det har vore tøffe forhandlingar, men at dei no ser framover mot eit langsiktig samarbeid med NENT.
 
Kundane vil behalde 25 ekstra TV-poeng i april, få gratis tilgang til den nye storfilmen "Den største forbrytelsen" gjennom påska, i tillegg til at den nye strøymetenesta Paramount+ vil vere gratis i Telia Play heile april.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200