RSS - Tussa
(20.03.2018)
Store og små kosa seg med skidag på Bondalseidet
Det vart nok ein strålande Tussa skidag på Ørsta skisenter 18. mars.
I helga gjentok vi suksessen frå i fjor og inviterte straum- og breibandskundane våre til skidag på Ørsta skisenter. Ørsta skisenter bydde på gode forhold og nytrakka løyper både i slalåmbakken og langrennsløypene.
Nær 200 hadde meldt seg på Tussa skidag, og kosa seg i bakken saman med oss. Fleire nytta høvet til å få kursa seg i langrennsteknikk av Bjørnar Øye i Hovdebygda IL Langrenn. Med kyndig instruksjon i både klassisk- og skøyteteknikk fekk vi gode tilbakemelding frå dei som deltok.
I barnebakken var Ørsta IL Alpin i full sving med ungane, og lærte frå seg slalåmteknikk før det var slalåmkonkurranse for barna. 65 born i alderen 2 - 15 år deltok og alle fekk tildelt flotte medaljar.
Tusen takk for ein strålande dag. Vi håper de kjem att neste år!

Synniva Åm Kriken viser stolt fram medaljefangsten

Populært med gratis kakao og vaflar:)

44 liter kakao og 24 liter vaffelrøre gjekk med på årets skidag

Flinke ungdommar (i Orange Vestar) frå Ørsta IL Alpin heldt svingekurs for barna i barnebakken
![]() |
![]() |
Vi er imponerte over alle dei flinke borna i slalåmbakken
Du kan sjå enno fleire foto frå dagen på www.facebook.no/Tussa