RSS - Tussa
(30.10.2019)
 

Stor jubileumsfest i Ørstahallen

Laurdag 26. oktober markerte vi at Tussa feirar 70 år i år. Alle som ønskte å vere med på feiringa kunne bestille gratis billett til arrangementet, og det var det mange som ville. Alle dei 2 200 billettane som blei lagt ut blei tinga, og då dørene opna kl. 12 strøymde det på med folk i alle aldrar frå ulike delar av Tussaland.

Programmet var lagt opp slik at det skulle vere noko for ein kvar smak, og ved å by på lokale talent og show med lag og foreningar frå alle sju kommunane, fekk alle klappe fram nokon frå sin heimstad på scena.
 
Det var konsernsjef Elling Dybdal som opna showet og han introduserte programleiaren for dagen, Stian Blipp. Blipp er kjent frå TV-skjermen og var svært populær blant dei yngre gjestane.
 
 
Deretter gjekk dagen slag i slag med konsert med lokale songtalent frå dei sju Tussakommunane, energisk show med Andreas Wahl, sponsorshow med lag og foreningar vi har sponsoravtale med, og premieutdeling i Krafttaket. Dagen vart avslutta med showturnering i Tussaligaen.
 
Jubileumsquiz og teiknekonkurranse
Det blei anleding for både store og små til å vere med på konkurransar for å vinne flotte premiar. Det var nok mange som kunne tenke seg den flott el-sykkelen som var hovudpremien i jubileumsquizen vår. Den heldige vinnaren blei til slutt Rakel Velle Ulvestad. Dei minste kunne vere med i teiknekonkurranse der hovudpremien var ein diger kosebamse. Den heldige vinnaren av bamsen er Maya Hals-Nerlid.
 
 
Dyktige lokale talent
Vi har mange talent innan song og musikk i Tussaland som har utmerkt seg i ulike TV-konkurransar og lokale konkurransar som UKM. Saman med bandet Ouaksound fekk dei føle på kjendiskjensla då dei framførte ein song kvar for eit engasjert publikum.
 
Frå Vanylven song Madelen Rimstad og Ulstein-guten Henrik Stave songen "Till I fall asleep".  Tonje Aakre frå Ørsta song songen "Look What I Found", frå Volda kom Nora Aurdal og song songen "Tornado". Herøy kommune var representert av Konrad Hauge Vorren, som song "Everything", Karina Pieroth frå Ulstein song "Elastic State of Mind", Hareid-jenta Sofie Gjerde Tonev song "Sanctuary" og Martine Almestad Hauge frå Sande kommune avslutta konserten med songen "Strong".
 
 
Energisk show
Andreas Wahl er truleg den best kjende fysikaren i Noreg, kjent frå ei rekkje TV-program, og han framførte sitt energiske show til stor begeistring. Ein stor flokk ungar samla seg tett kring scena for å følgje eksperimenta hans som synte energi i ulike former.
 
 
10 000 kroner til Ørsta og Volda ballettskule
I høve jubileet vårt invitert vi lag og organisasjonar som vi har sponsoravtale med til å delta i ein sponsorparade. Mange meldte seg på, og ein av dei som deltok vart premiert med ein gåvesjekk på 10 000 kroner. To barn i kvart av laga stilte opp i drakt/uniform, og tok ein tur på catwalken for å vise seg fram. Det var Ørsta og Volda ballettskule som vart den heldige vinnaren av gåvesjekken.
 
 
Premieutdeling for Krafttaket 2019
I løpet av hausten har 10 lag og organisasjonar kjempa om 100 000 kroner gjennom Krafttaket 2019. Etter sponsorshowet var det tid for premieutdeling. Her var det barnekoret PopKORn frå Vartdal som hadde sanka flest stemmer i stemmeperioden og dermed fekk ta med seg den største sjekken heim. Dei avslutta utdelinga med ei flott framføring av songen Shallow. 
 
 
Showturnering i Tussaligaen
Tussaligaen sin rigg var svært populær blant gutane, og det var kø for å få prøve gamingpc-ane. Etter at programmet på hovudscena var slutt, var det tid for showturnering i Tussaligaen i spelet RocketLeauge. Kampen vart strøyma på Twitch og vart også vist og kommentert på storskjerm i Ørstahallen.
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200