Stor energileiing-kontrakt for Enøk-senteret
Enøk-senteret skal levere energileiing og enøk-rådgjeving til Asko sine 13 lager i Noreg. - Ei viktig kontrakt for oss, seier dagleg leiar Paul Rune Ingebrigtsen.

Asko, Noregs største grossist innanfor daglegvarer, har sett seg ambisiøse klimamål. Gjennom samarbeidet med Enøk-senteret tek dei eit nytt steg mot målet om å verte klimanøytrale innan 2020.
Den treårige avtalen omfattar energileiing og bistand til gjennomføring av tiltak.
- Dette er ei av dei største avtalane Enøk-senteret har inngått, og vi er svært glade for samarbeidet med Asko, seier Paul Rune Ingebrigtsen.
Energileiingprogrammet går ut på å standardisere system og prosessar i bedrifter og slik redusere energibruken, utslepp av klimagassar og andre miljøpåverknader. Styring og drift av tekniske anlegg, som til dømes kjøling og ventilasjon, står sentralt i dette arbeidet. Det same gjer kurs og opplæring av leiing og medarbeidarar.
Kontrakten inneber også generell enøk-rådgjeving, mellom anna innanfor transport. Enøk-senteret var med som rådgjevar då Asko, som dei første i Noreg, fekk støtte frå Enova til å kjøpe tre el-lastebilar.