RSS - Tussa
(05.05.2021)
 

Tussa med stor direktesending på nasjonaldagen

Følg høgdepunkta på nasjonaldagen direkte på Facebook og YouTube. I år som i fjor vil Tussa vil vere til stades med kamerateam på markeringar i dei sju kommunane på søre Sunnmøre, og vise korps, paradar, helsingar frå ordførarar og mykje meir i ei direktesending leia av Thomas Ryste.

Tussa sender 17. mai direkte på Facebook
- Send inn foto og helsingar på Instagram ved å bruke #tussa17mai, oppmodar Ann Kristin Einbu, kommunikasjonssjef i Tussa, Thomas Ryste, programleiar for 17. mai-sendinga og Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Tussa ønskjer å bidra til å skape ei god 17. mai-feiring og ein innhaldsrik dag ved å invitere til ei digital markering av nasjonaldagen. I samarbeid med 17. mai-komiteane på søre Sunnmøre har Tussa plukka ut høgdepunkt frå kvar kommune, som blir vist i ei direktesending på Facebook og YouTube. Sendinga blir også vist på TV for dei som har TV frå Tussa. Thomas Ryste vil leie sendinga og sy det heile saman.
 

Sjåarsuksess

Tussa sendte direkte frå 17. mai-feiringa også i fjor, noko som vart tatt svært godt i mot. Nesten 20 000 unike sjåarar klikka seg inn og såg på sendinga.
 
- Nasjonaldagen er viktig for oss alle, og på grunn av koronapandemien blir det ei annleis feiring også i år. Tussa ønskjer å bidra til at det vert ein spesiell dag, og vi gler oss til å vere med å formidle den sunnmørske feiringa, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 

Send inn dine bilete

17. mai-komitear frå alle dei sju kommunane på søre Sunnmøre har vore med på å setje saman programmet. For å få ei profesjonell sending har Tussa alliert seg med det lokale videobyrået Oclin og studentar frå Høgskulen i Volda.
 
- I tillegg håper vi at innbyggjarane vil bidra til sendinga med å sende inn bilete og video av korleis dei feirar nasjonaldagen. Legg bilete, helsingar og videoar på Instagram og bruk #tussa17mai. Vi ønskjer svært gjerne å få vise folket si 17. mai-feiring, seier Driveklepp.
 
 

Programmet

Tidspunktet for sendinga og programmet er framleis under arbeid, og vert annonsert før 17.mai-helga.
 

Sendinga ser du her:

  • Tussa si Facebookside
  • Tussa sin YouTube-kanal
  • Kanal 171 for dei som har TV frå Tussa
  • Kanal 999 for bebuarar på sjukehus og omsorgsbustader med TV frå Tussa

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200