RSS - Tussa
(23.09.2018)
Spørjeundersøking på e-post
Vi ønskjer å finne ut korleis kundane våre ser på Tussa. I september vil Kantar TNS difor sende ut ei undersøking på e-post, der stiller nokre spørsmål om Tussa.
Tilbakemeldingane er viktige for arbeidet vårt med å hjelpe kundane våre på ein best mogleg måte, og det er av stor betydning for oss at flest mogleg deltek i undersøkinga. Undersøkinga vil vere heilt anonym.
Blant dei som svarer trekkjer vi vinnarar av tre gåvekort pålydande 1 500 kroner.
Er du kunde hos Tussa får du to e-postar:
-
Informasjon om undersøkinga, der vi gir den som ikkje ønskjer å delta moglegheit til å reservere seg. Avsendar av e-posten er Tussa.
-
Spørjeundersøking med spørsmål om Tussa. Det tek om lag 5 minutt å svare på spørsmåla. Avsendar av e-posten er Kantar TNS (tidlegare TNS Gallup).
E-postane blir sendt til adressa som du har registrert på Di side.
Vi håper du tek deg tid til å svare!