RSS - Tussa
(28.06.2018)
 

Sommarjobb utanom det vanlege

Nokon med tøffare sommarjobb? Her er to av ferievikarane våre i sandfanget i Tussa kraftverk, i full gang med å reinske ut stein, grus og sand.

Tysdag 26. juni tok Svein Vassbotn og Sveinn Larusson i Tussa Energi med seg ferievikarane Lovise Winter Leira og Gard Flåskjer inn i sandfanget på Tussa kraftverk. Der vart sandfanget tømt for stein, grus og sand, som har blitt dratt med gjennom vassvegen/tunnelen frå Tussavatnet. 

Totalt bar dei ut 135 bøtter med sand og grus!

Tussa kraftverk blir fortida oppgradert med mellom anna løpehjul, og sandfanget måtte tømast før kraftverket kan bli sett i drift igjen. 

Inne i sandfanget er det også montert undervass-videokamera med infraraudt lys, som vil vise om, og i tilfelle kva, sand og stein som kjem når kraftverket blir sett i drift igjen. Ein målestav viser kor mykje sand og stein det er i sandfanget, og gir ein indikasjon på når vi må inn å tøme neste gong.
 

 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200