RSS - Tussa
(21.08.2020)
 

Søk støtte til nettvett-føredrag med Barnevakten

Korleis lære barn å ta smarte val på nett, mobil og i spel? Tussa oppmodar skulane til å bruke Barnevakten sine føredrag, og vil støtte inntil fem føredrag på søre Sunnmøre. Søk innan 15. september.

Samfunnet vårt har den siste tida vore gjennom store forandringar grunna korona. Nettbruken har auka og den sosiale kommunikasjonen har i enda større grad blitt gjennomført digitalt, noko som har auka behovet for bevisstheit rundt skjermbruk både for barn og vaksne. Dei nye medievanane gir nye moglegheiter for utvikling og læring, men også nye utfordringar. Ikkje minst stiller det nye krav til foreldre, som skal rettleie og hjelpe barna til å bli trygge brukarar av internett.

Bidrag til sunn oppvekst

Som lokal leverandør av breiband, straum, IT- og installasjonstenester tek Tussa samfunnsansvar, og ønskjer å bidra til ein god oppvekst for barn og unge. Difor oppmodar Tussa skulane på søre Sunnmøre om å bruke Barnevakten sine føredrag i haust, og vil dekke utgiftene for inntil fem skular.
 

Ulike føredag

Barnevakten tilbyr fleire ulike føredrag og i ulike former. Alle føredraga blir gjennomførte etter gjeldande koronareglar, og med lokal føredragshaldar frå søre Sunnmøre.
 
 
Nokre viktige tema som blir gått igjennom på føredraga er: Fakta om mediebruk, nettmobbing, sosiale media, medieskapt utsjånadspress, foreldrerolla, gleder og utfordringar, speling og e-sport, grensesetjing, skjermtid og aldersgrenser.
 
 

 SØK HER

Søknadsfrist 15. september. 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200