RSS - Tussa
(10.08.2018)
 

Sju ting du bør vite om straumprisane

Mange har lagt merke til dei høge straumprisane i sommar, og lurer på kvifor det er slik og kva vi kan vente oss utover hausten. Her finn du ei oversikt med svar på mange av dei vanlegaste spørsmåla.

Skår kraftverk i Vanylven

1. Kvifor er straumprisane så høge akkurat no?

Norsk kraftproduksjon består av 96 prosent vasskraft. Det betyr kraftsystemet vårt er avhengig av veret, og normalt gir det oss rikeleg tilgang på rein og rimeleg straum. Men i år har både regnet, og til dels snøen, svikta. I andre kvartal kom det 40 prosent mindre nedbør til kraftmagasina enn normalt. Vi fekk den tørraste julimånaden på over 100 år. I tillegg har prisane på kol, gass og CO2-utslepp gått kraftig opp. Dette påverkar kostnadene for fossil kraftproduksjon, og dermed også straumprisane i den europeiske marknaden som Noreg er knytt til.

2. Korleis blir straumprisen utover hausten?

Månadskontraktane for september til januar ligg rundt 50 øre/kilowattime på straumbørsen Nasdaq. Det vil seie at marknaden ventar om lag same prisnivå som vi har hatt i sommar. Prisane kan bli lågare om vi får ein våt haust, eller høgare om tørken held fram. Både i 2006, 2008 og 2010 hadde vi haustprisar på same nivå som no, medan dei siste seks åra har vi hatt relativt låge prisar. Dette er uansett innanfor normale variasjonar for eit kraftsystem som er avhengig av nedbør. Og vi har framleis lågare straumprisar enn nabolanda våre.

3. Burde kraftprodusentane ha spart meir vatn tidlegare i år?

Kraftselskapa reduserte produksjonen med 3,5 TWh (milliardar kilowattimer) i andre kvartal, samanlikna med i fjor. Hadde selskapa visst at det skulle bli ein så tørr sommar, ville nok mange heldt igjen enda meir vatn. Men selskapa må halde seg til dei verprognosane som finst, og ingen kan vite i januar nøyaktig korleis situasjonen blir i mai. Dersom kraftprodusentane ikkje tappar magasina, blir det ikkje plass til smeltevatnet som normalt kjem om våren. Då aukar fara for flaum i elvane. Lågare kraftproduksjon ville dessutan ført til høgare straumprisar for kundane siste vinter.

4. Skuldast dei høge prisane at Noreg har eksportert for mykje kraft?

Det er styresmaktene ved Statnett som styrer import og eksport av kraft over landegrensene, basert på kor etterspurnaden er størst. Nettoeksporten av kraft er så langt i år halvert, samanlikna med dei to føregåande åra. Det har også vore veker med netto import. Det viser at kraftprodusentane er forsiktige og sparar vatn til vinteren. Kablane gjer at vi kan satse meir på fornybar energi i Noreg, og gir oss samstundes forsikring i år med lite nedbør. Det er lønsamt for samfunnet.

5. Er det fare for at vi kan gå tomt for straum i Noreg?

Nei, vi har rundt 60 prosent fyllingsgrad i vassmagasina. Det er lågt for årstida, men ikkje kritisk. Styresmaktene overvakar kraftsituasjonen heile tida. Kjem det meir regn utover hausten, vil magasinfyllinga bli betre. I tillegg har vi moglegheit til å importere straum frå både Sverige, Danmark, Finland og Nederland. Om nokre år får vi også kablar til Tyskland og Storbritannia.  

6. Kva kan eg gjere for å redusere straumrekninga?

Forbrukarane vil spesielt merke straumprisen når det vert kaldare i veret og vi brukar meir straum til oppvarming. Då kan det vere lurt å senke temperaturen på natta og når du ikkje er heime. Innføringa av smarte straummålarar gir deg betre oversikt over forbruket, og legg til rette for smartare straumforbruk på sikt. I tillegg bør du sjekke at du har ei straumavtale som passar til behovet og forbruket ditt.

7. Betalar vi like mye i avgifter som for sjølve straumen?

Ja, normalt består straumrekninga av ein tredel straum, ein tredel nettleige og ein tredel avgifter til staten. Elavgifta åleine utgjer 14 milliardar kroner inkludert moms, og har auka med 60 prosent dei siste 10 åra. Energi Norge meiner det høge avgiftsnivået er en meirbelastning for kundane og samstundes eit uheldig signal mot bruk av klimavennleg energi. Elavgifta bør difor trappast ned.
 
 

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200