RSS - Tussa
(18.06.2018)
 

Resultat for Tussa 1. tertial

Rekneskapen for 1. tertial 2018 syner eit driftsresultat på 29,8 mill. kr (70,6) og eit resultat før skatt på 29 mill. kr (55,8). Omsetninga vart 309,2 mill. kr (298), totalkapitalen er 2 545,3 mill. kr (2 415,5) og eigenkapitalprosenten er 34,1 % (35,6). Netto finans syner eit resultat på -0,8 mill. kr (-14,8). Tilsvarande tal for 1. tertial 2017 står i parentes.

Konsernet har ein reduksjon i driftsresultatet på 40,8 mill. kr samanlikna med tilsvarande periode i 2017. Hovudårsaka til reduksjonen i driftsresultatet er lågare produksjonsvolum, og at andre driftskostnader er høgare, som følgje av rehabilitering og oppgradering av turbinane i Tussa kraftverk på Bjørke. Kraftverket er Tussa sitt største kraftverk, med ein normalproduksjon på 266 GWh i året. Kraftverket har vore ute av drift i to månader i 1. tertial. Nettverksemda er den største bidragsytaren til resultatet, men resultatet er likevel noko lågare enn på same tid i fjor. Tussa IKT har hatt positiv resultatutvikling, medan Tussa-24 og Tussa Installasjon viser lågare resultat samanlikna med 1. tertial 2017.
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200