RSS - Tussa
(26.09.2019)
 

Ørsta byggjer fiber på dugnad

Tussa samarbeider tett med innbyggjarane no når Follestaddalen, Hovdenakk, Vatne, øvre del av Bondalen, Vartdal og Barstadvika skal få fiber. I mindre tettbygde strøk er dugnadsfiber ei god løysing. Ved at Tussa og grenda inngår eit spleiselag får dei fiberen raskt fram.

- Dette er ein alternativ måte å byggje ut fiber på som vi gjer meir og meir av. Det startar ofte med at ei eldsjel eller eit grendelag med engasjement og dugnadsvilje tek kontakt med spørsmål om vi kan byggje ut fiber til grenda. Når vi byggjer ut fiber på dugnad tek Tussa ansvaret for å føre fiber fram til området, og stiller opp med kompetanse, rettleiingar, grus og røyr. Innbyggjarane bidreg i form av å grave grøfter, leggje røyr og setje opp fiberskap. Tussa syr til slutt saman infrastrukturen og koplar opp kundane på fiber, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
Tussa har bygd ut fiber sidan 2009 og har investert 520 millionar kroner sidan starten. I år er investeringskostnaden estimert til om lag 70 millionar kroner.
 

Bygdene tek ansvar
Tussa har positive erfaringar med å samarbeide med bygdene om å byggje ut fiber. Bygdene tek ansvar, har dyktige folk med god maskinpark og driftige eldsjeler som sikrar godt samarbeid. Oppslutnaden er ofte på godt over 90 prosent.
 
- No som Telenor har bestemt å leggje ned koparnettet innan utgangen av 2022, vert det ekstra viktig å få fiber fram til bygdene. Som lokal fiberutbyggjar føler vi eit ansvar for å bidra så langt som mogleg for å hjelpe til med å få fiber til bygdene, og vi er klare for fleire dugnadsprosjekt framover. Fiber har blitt like viktig som veginfrastruktur og straum for å oppretthalde busetnad og bedrifter, seier Driveklepp.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200