RSS - Tussa
(22.11.2018)
 

Ny kalender med naturfoto frå Sunnmøre

Denne veka sender vi ut kalender for 2019 til alle straum- og breibandskundane våre. Kalenderen er illustrert med flotte naturfoto frå søre Sunnmøre, tatt av lokale fotografar.

Tussa kundekalender 2019
Den raude tråden i kalenderen er den flotte naturen vi har på søre Sunnmøre, og vi vonar kalenderen skal vere til inspirasjon for å kome seg ut på tur og nyte naturen rundt oss. Det er mange turtips knytt til bileta, og sjekk også ut turtipsa våre på tussa.no/tur.  
 
Vinn flotte premiar
Fremst i kalenderen er det ein adventskalender, der du kan vinne flotte premiar. I år som i fjor er det rebusar som skjuler seg bak lukene, og du skal kome fram til eit turmål på søre Sunnmøre og Hornindal. 

Adventskalenderen finn du også her
 
Ikkje motteke kalenderen?
Dersom du eller nokon du kjenner ikkje har motteke kalenderen i posten, er det mest truleg fordi du ikkje har oppdatert samtykket ditt. Ønskjer du å motta kalenderen må du krysse av for at vi kan sende deg brev. Du oppdaterer samtykket ditt ved å logge inn på Di Side eller i Tussa kundeapp. Du kan også kontakte kundesenteret.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200