RSS - Tussa
(23.08.2018)
 

NVE: Høgare straumpris utan utanlandskablar

NVE har gjort analysar som syner at straumprisen kunne vore 2 til 3 gonger høgare på vinteren sjølv med normale nedbørsmengder, dersom vi ikkje hadde vore kopla til den europeiske kraftmarknaden via overføringsnettet.

I år med normale nedbørsmengder har Noreg eit kraftoverskot som vert eksportert via linjer til Sverige, Danmark og Nederland. I tørre år kan det derimot vere behov for å importere straum på desse linjene. Dette gir lågare og meir stabile kraftprisar.

- Utan handelsmoglegheita ville straumprisen variert mykje meir og vore vesentleg høgare på vinteren når forbruket er høgst. Risikoen for å gå tom for vatn og ikkje kunne importere straum ville pressa kraftprisen opp, sjølv i år med normale nedbørsmengder. Samstundes ville fara for flaum vore høgare i dag, seier seniorrådgjevar Gudmund Bartnes i NVE til Energi Norge.

Noreg har eit veravhengig kraftsystem der 98 prosent av kraftproduksjonen er vass- og vindbasert. I eit slik system er handel med andre land viktig for forsyningstryggleiken.

- Då vi hadde førre tørrår i 2010 kom det om lag 100 TWh nedbør, medan det normale er rundt 133 TWh. For å sikre straum til alle var Noreg då avhengig av å importere straum.

Sidan 2010 har Noreg hatt mykje nedbør, noko som har bidrege til nettoeksport av straum kvart år.

- Noreg tener pengar på å handle. Det kjem forbrukarane til gode ved at nettleiga går ned og at straumprisane blir lågare fordi vi kan importere straum i tørre år. Alternativet til handel ville vore å byggje mykje ny kraftproduksjon og nett, slik at risikoen for rasjonering vart tatt vekk, seier Bartnes.

Les bakgrunnsnotatet frå NVE (pdf): Kraftprisar i Noreg utan handel med utlandet

Kjelde: Energi Norge

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200