RSS - Tussa
(17.08.2018)
 

Normal magasinfylling

Kombinasjonen tørr sommar og produksjonsstopp på Tussa kraftverk har sett sitt preg på magasinfyllinga i Tussa sitt område på søre Sunnmøre. Vi er no i ein situasjon med låge vassmagasin ved dei fleste kraftverka, medan det nærmar seg overløp i Tyssevatnet.

Tyssevatnet

Dei fleste magasina i Tussaområdet ligg på om lag nasjonalt fyllingsnivå, ca 60 %. Unntaket er Tyssevatnet som er heilt fullt. Dette har samanheng med revisjonen og skifte av nye turbinar i Tussa kraftverk. Sidan Tussamagasinet er det største magasinet vårt, gjer det at den samla magasinfyllinga for Tussa er om lag normal for årstida. Ser vi derimot på den samla magasinfyllinga i Midt- og Nord-Noreg, er den svært låg for årstida, om lag 54 %.

Under ser du oversikt over magasinfylling for Tussa. Den lilla streken er 2018, medan den stipla linja er normalsituasjonen.
 
 
 
Ser vi på situasjonen i Møre og Romsdal er den eit godt stykke frå normalt. Magasinfyllinga no i år i raudt, normalfyllinga i svart stipla linje.
 
 
 
 
Til slutt kan vi sjå på magasinsituasjonen i Noreg. 2018 er markert med raud strek, normalfyllinga er den svartstipla streken.
 
 
Fotoet i toppen: Tyssevatnet (arkivfoto)
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200