Konsesjon for Osdalen kraftverk i Volda
NVE har gitt Tussa konsesjon til bygging av Osdalen kraftverk i Volda kommune. Konsesjonen er gitt som omsøkt.

NVE har gjeve løyve til kraftverka Osdalen, Dravlaus, Vassbakke, Osvatnet og Øggardselva i Volda kommune. NVE har tilrådd at Olje- og energidepartementet gjev løyve til Botnaelva kraftverk. Samstundes har NVE avslått søknadane om bygging av Storelva kraftverk og Feirdalselva kraftverk i Høydalen.
Dei seks kraftverka som har fått løyve eller er tilrådd løyve, vil produsere omlag 46 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 2300 husstandar.
Søknadane er behandla samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane, som best kjem fram når sakene blir sett i samanheng. Verdfullt naturmangfald, landskap og samla belasting i området har vore sentralt i NVE si vurdering. Botnaelva kraftverk var tatt til behandling tidlegare, men er vurdert saman med dei sju andre søknadene.
NVE har lagt vekt på å få fram dei prosjekta som har minst konflikt med allmenne interesser og som samstundes vil bidra til ny fornybar energiproduksjon. NVE har sett på miljøtilpassingar av dei enkelte prosjekta for å redusere konflikten med dei allmenne interessene.