IT-konferansen blir til Future Talks - Next Tech
21. september - ÅKP Blue Innovation Arena, Ålesund
Tussa IKT har gjennom mange år jobba fram IT-konferansen som ein viktig teknologisk møteplass for bedrifter og samarbeidspartnarar der ny teknologi, digitalisering og trendar innan IT har vore tema. For å gjere konferansen meir aktuell og for å treffe breiare, vart fjorårets konferanse arrangert i lag med Tafjord Marked. Dette vart ein suksess, og førte til ei større konferanse med fleire deltakarar, og eit breiare spekter av tema og foredragshaldarar.
Vi er svært nøgde med at IT-konferansen vår dannar grunnlaget for Next Digital og Norwegian Rooms si konferanse, Future Talks - Next Tech 2017.
Talet på billettar er avgrensa til 150 stk, så kjøp billett i dag for å sikre deg plass i salen!