RSS - Tussa
(19.06.2019)
 

Investerer millionar i regionalt fibernett

Tussa utvidar det regionale fibernettet og har lagt sjøkabel frå Hjørungavåg til Vartdal. Dette gjer det mogleg for Tussa å tilby fiber og framtidsretta tenester til kundane på Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvik.

Tussa sitt fibernett er no over 2 300 kilometer langt, nesten like langt som avstanden frå Lindesnes til Nordkapp. Av dette er det sju sjøkabelstrekk, med ei samla lengde på 22 km. Over 10 000 privatpersonar og 640 bedrifter i sju kommunar er tilkopla fibernettet.

- Fiber er ein heilt avgjerande infrastruktur for kundane og samfunnet. Fiber er svært framtidsretta, og i stor grad naudsynt for å kunne ta i bruk mange nye internettbaserte tenester og kommunikasjonsformer. Tussa ser på utbygginga av fiber som eit viktig bidrag til den regionale utviklinga på søre Sunnmøre, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.

Etterspurt fiber

Sjøkabelen frå Hjørungavåg til Vartdal vart lagt tidlegare i juni, er 5000 meter lang og veg om lag 10 tonn. På det djupaste ligg han 311 meter under havoverflata. På grunn av djupna er fiberkabelen dobbeltarmert, og fiberen ligg beskytta i eit stålrør inne i kabelen.

Fiberutbygginga på Vartdal er etterlengta, og har lengje vore etterspurt av innbyggjarane. Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvika er område med spreidd busetnad, og for å få fiberen fram til flest mogleg vert delar av utbygginga gjort etter ein dugnadsmodell. Då tek lokale eldsjeler hand om delar av arbeidet, for å halde utbyggingskostnaden nede.

- Interessa for fiber har vore stor både blant privatpersonar og bedriftene. I dag har om lag 280 husstandar og 11 bedrifter på Vartdal, Nordre Vartdal og Barstadvik tinga fiber, og dei kan forvente å bli kopla opp i løpet av året, seier Driveklepp.

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200