RSS - Tussa
(21.06.2021)
 

Godt tertialresultat for Tussa

Tussa hadde eit driftsresultat på 84,5 mill. kr og eit resultat før skatt på 93,1 mill. kr første tertial 2021. Dette er ein auke i driftsresultatet på 24,3 mill. kr samanlikna med same periode i fjor. Hovudårsaka til auken er høgare kraftpris.

Rekneskapen for 1. tertial 2021 syner eit driftsresultat på 84,5 mill. kr (60,2) og eit resultat før skatt på 93,1 mill. kr (23,9). Omsetninga vart 333,2 mill. kr (314,9), totalkapitalen er 3 146,3 mill. kr (2 929) og eigenkapitalprosenten er 33,4 % (33,5). Netto finans syner eit resultat på 8,6 mill. kr (-36,3). Tilsvarande tal for 1. tertial 2020 står i parentes.
 
Hovudårsaka til auken i driftsresultatet er høgare kraftpris, som gir betre resultat innanfor kraftproduksjon. Driftsresultatet for kraftproduksjon vart 46,1 mill. kr, som er 36,3 mill. kr betre enn på same tidspunkt i 2020. Akkumulert kraftproduksjon vart 256,4 GWh (276,3). Produksjonen ved utgangen av tertialet var om lag 94 % av normalproduksjonen for perioden. Tilsiget hittil i år har vore 104 % av normalt.
 
Forretningsområdet installasjon har også hatt ei positiv resultatutvikling samanlikna med 1. tertial 2020, med ein auke i omsetninga på 31 %. Driftsresultatet vart 1,4 mill. kr. Auken i omsetning kjem i hovudsak som følgje av stor aktivitet i prosjektmarknaden. I tillegg har selskapet god tilgang på serviceaktivitet både i privat- og næringsmarknaden.
 
Det er også vekst i forretningsområdet IKT, som hadde ei omsetning på 79,0 mill. kr første tertial. God utvikling innanfor IT-avtalar, konsulenttenester og handelsvare, og sal av meir internett og TV er hovudforklaringa til auken.
 

Utsikter for 2021

Den gjennomsnittlege kraftprisen på NordPool pr. 1. tertial har vore vesentleg høgare enn på same tid i fjor, og marknaden forventar at prisen på kraft for resten av året også vil vere høgare enn i fjor. Resultatet for kraftproduksjon vil då verte vesentleg betre enn i fjor. For dei andre forretningsområda er det forventa resultat på linje med fjoråret.
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200