RSS - Tussa
(28.04.2021)
 

Generalforsamling i Tussa

28. april var det ordinær generalforsamling i Tussa.

Generalforsamlinga godkjente årsmelding og rekneskap for 2020 og disponeringa av overskotet.
 

Godt resultat i 2020

Historisk låge kraftprisar og betydeleg lågare inntekter frå vasskraftproduksjonen pregar årsresultatet for 2020. Gode resultat frå IKT- og installasjonsverksemda, i tillegg til gevinst ved sal av aksjane i straumsalsverksemda, bidrog til at det økonomiske resultatet for 2020 vart godt.
 
- Når inntektene frå vasskraftproduksjonen sviktar på grunn av låge prisar, er det gledeleg at det blir levert gode resultat både frå IKT- og installasjonsverksemda, seier Elling Dybdal, konsernsjef i Tussa.
 
Rekneskapen for Tussakonsernet viser samla driftsinntekter på 854,4 mill. kr og eit driftsresultat på 165,9 mill. kr. Resultat før skatt er 138,1 mill. kr og etter skatt er resultatet 114,2 mill. kr.
 
 

Godkjente samanslåinga med Energiselskapet Stryn

Generalforsamlinga godkjente samrøystes samanslåing med Energiselskapet Stryn. Samanslåinga skal gjennomførast ved ein retta emisjon mot Stryn kommune, der Stryn kommune overfører alle aksjar i Energiselskapet Stryn som tingsinnskot i Tussa Kraft, og Stryn kommune mottek aksjar i Tussa Kraft som motyting for tingsinnskotet.
 

Utbyte

Utbytet som blir delt ut til eigarane skal vere forsvarleg i høve til det som er berekraftig for selskapet i eit langsiktig perspektiv. Generalforsamlinga vedtok å avsetje 44,5 mill. kr til utbyte for 2020.
 

Nøkkeltal for Tussakonsernet
2020
2019 
Driftsinntekter
854,4 mill. kr
1 134,2 mill. kr
EBITDA
306,0 mill. kr
335,0 mill. kr
Driftsresultat
165,9 mill. kr
205,3 mill. kr
Resultat før skatt
138,1 mill. kr
174,0 mill. kr
Resultat etter skatt
114,2 mill. kr
96,8 mill. kr
Ordinært utbyte pr. aksje
14 691 kr
0 kr *
Eigenkapital
993,7 mill. kr
965,8 mill. kr
Eigenkapitalprosent
32,3 %
33,0 %
Totalkapitalrentabilitet
8,3 %
9,0 %
* Det vart betalt ut tilleggsutbyte i 2020 basert på årsrekneskapen for 2019 på 13 840 kr pr. aksje.



 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200