RSS - Tussa
(30.01.2020)
 

Frukostmøte om cybersikkerheit

Cybersikkerheit er eit brennheitt tema no som digitalisering og nye teknologiar er på full fart inn i bedriftene. Digitalisering er viktig, men like viktig er det at sikkerheita held tritt med utviklinga. Dette var tema på frukostmøtet Tussa arrangerte 29. januar.

​Dette var det første i ei rekkje frukostmøte Tussa planlegg utover året. Neste møte er allereie den 26. februar i Ålesund.
 
Det var Tussa sin eigen sikkerheitsekspert, Vigleik Hustadnes, som opna møtet med eit føredrag om risikostyring. Han kom med gode råd om kva små og mellomstore bedrifter kan gjere for å sikre seg mot cyberangrep.
 
Digitalisering aukar cyberrisikoen, fortalde Hustadnes. Stadig meir blir avhengig av IT og "skya", noko som gjer at konsekvensane blir større dersom åtaket skulle kome. Digitalisering betyr også større sannsynlegheit for at noko kan skje. Når alt er på nett vert gevinsten for trusselaktørane større. Og ofte er det lange leverandørkjeder, noko som betyr fleire aktørar å rette åtak mot. 
 
Eika Forsikring tilbyr dataangrepsforsikring. Trond Anders K. Fossum er produktsjef næringsliv i Eika Forsikring, og han fortalde at digitalisering betyr at risikobiletet endrar seg, noko som gir nye forsikringsbehov. Det er aukande interesse for cyberforsikring, men interessa er likevel lågare enn ein skulle tru. Ofte er det slik at bedrifteigarane tenkjer at dette ikkje skjer oss, og mange ventar med å kjøpe forsikring til etter at dei har vore utsette for eit åtak.  
 
Til slutt fekk Sparebanken Møre og Chris Erlend Gati, fagansvarleg næringsforsikring, talarstolen. Sparebanken Møre leverer cyberforsikring frå Eika Forsikring, og Gati fortalde mellom anna om banken si rolle ved økonomisk svindel. 
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200