RSS - Tussa
(30.09.2021)
 

Frukostmøte Ålesund

Korleis kan kollegaene og medarbeidarane dine bidra i kampen mot cyberkriminalitet? Eirik Dalen jobbar med IT-sikkerheit i Secure Practice, og tek føre seg nettopp dette. Han er oppteken av å gjere den digitale verda tryggare.

210928 frukostmote_header_alesund_nobutton.jpg
Kor stort er omfanget av cybertrugslar, og kva metodar er ofte brukt? Har vi alle ansvar for IT-sikkerheit, og dersom ja: korleis kan vi løyse det på ein engasjerande og positiv måte? Desse spørsmåla og fleire vil vi svare på under frukostmøtet i Ålesund 7. oktober.
 
Vi vil presentere tenester som kan redusere den menneskelege risikofaktoren, og som også engasjerer og involverer kollegaene dine. Personvern er også ei problemstilling som er gjennomgåande i arbeidet med IT-sikkerheit, og som vi tek føre oss på møtet. 
 
Heimekontor og fleksible kontorløysingar stiller nye krav til IT-sikkerheit. Hallvard Almestad frå Tussa IKT presenterer "Trygg klient", eit nytt sikkerheitsprodukt for små og store bedrifter, som sørgjer for at dei tilsette sine einingar er sikra både på kontoret og heimekontoret.
 
Velkommen til gratis frukostmøte!
 
 Meir informasjon og påmelding
 
Frukostmøtet passar for deg som er IT-ansvarleg og/eller leiar. 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200