RSS - Tussa
(21.02.2019)
 

Fiberkunde nr. 10 000!

Tysdag 19.februar vart fiber installert hos 72 år gamle Jostein Hanebrekke, vår kunde nr. 10 000. Under installasjonen vart Jostein og Martha Hanebrekke overraska med ein togmarsj frå Tussa utanfor heimen sin. Han fekk mellom anna kake, blomar, Tussa-eldsjelcaps og bag, og han fekk gratis internett og TV frå Tussa ut året.

- Er ikkje dette litt voldsomt då? sa 72-åringen då heile Tussa-toget sto ute på tunet hans.
 
- Ja men dette er stas! Vi er utruleg stolte over å ha nådd 10 000 fiberkundar, og veldig fornøgde med din innsats i graving og nedlegging av fiberrør, svarte Olav-Arne Vinjevoll frå fremste rad i Tussa-toget.
 
 

Enorm innsats

Hanebrekke har gjennom hausten lagt ned dugnadsinnsats og grove om lag 1000 meter fibergrøft for heile Årsetgrenda. Hanebrekke har hatt eit godt samarbeid med Tussa gjennom heile prosessen, og har hatt god bruk for manualen som Tussa har levert ut til alle dugnadsarbeidarar.
 
Jostein Hanebrekke er ei ekte eldsjel som har lagt ned stor dugnadsinnsats
for å fiber til Årsetgrenda
 

Dugnadsfiber

- Dugnadsfiber er eit konsept der vi i samarbeider med kundane og den enkelte kommune om å finne gode løysingar for å fiber ut til bygdene. Fiberinfrastrukturen blir nok nesten viktigare enn veginfrastrukturen for at folk skal kunne leve og arbeide der dei bur. Fiber er ein framtidsretta og stabil teknologi, og i dag ser vi ingen annan teknologi som kan utfordre hastigheita og kapasiteten til fiberen, seier Ivar Driveklepp, direktør for Tussa IKT.
 
Om andre bygder kan bidra med like mykje dugnadsinnsats som i Bondalen, så vil vi kunne få levert fiber til mange fleire kundar. I første omgang håper vi på like god dugnadsinnsats i resten av Bondalen.
 
 

Om Tussafiber

  • Tussa starta utbygging av fiber i 2009
  • Vi har lagt ned totalt 2 200 km med fiber på søre Sunnmøre
  • Vi samarbeider med Get om levering av TV-tenester
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200