RSS - Tussa
(27.07.2021)
 

Festivalsommar

Då var sommaren her for fullt, og med det festivalar og sosiale arrangement. Tussa er stolt sponsor av søre Sunnmøre sine små og store festivalar.

Saudehornet rett opp 2019
Tussakarane Olve Øyehaug og Gjøran Kvitle på arbeid under Saudehornet rett opp i 2019.
 
Naturfestivalen, Åram pluss, Sommarljom, Hareidstemninga, Trebaatfestivalen, Trandal contryfestival og Trandalblues bidreg alle til utvikling og trivsel på søre Sunnmøre, og er mellom dei Tussa støttar. Denne veka går startskotet for tre av desse festivalane.
 

15 år med Naturfestivalen

Naturfestivalen, med høgdepunktet Saudehornet rett opp, er i gang no, og Tussa har vore ein langsiktig samarbeidspartnar for festivalen i Ørsta.   
 
Det er 15 år sidan Naturfestivalen vart skipa, og han er i dag ein fantastisk naturfest der alle kan vere med på ulike aktivitetar spreidd utover søre Sunnmøre. Tussa har eit spesielt engasjement rundt familiecampen i Romedalen og motbakkeløpet Saudehornet rett opp. Det er kjekt å sjå små og store samlast til leik og aktivitet i den flotte naturen i Romedalen.
 
Tussa har i mange år filma og vist fram motbakkeløpet Saudehornet rett opp på storskjerm og på internett. Det er ikkje noko unntak i år. Du kan sjå løpet direkte på Facebooksida og i YouTube-kanalen vår. 
 
I år samarbeider Naturfestivalen og Sommarljom, slik at du i tillegg til flott natur, også kan nyte god musikk i Ørsta.
 
 

Åram pluss

Sørbrandal kraftverk, eit av Tussa sine vasskraftverk, vil skine i kulissane når festivalen Åram pluss blir arrangert frå 29. til 31. juli. Kraftverket ligg plassert ved fjorden, og kaiområdet utanfor er flott opparbeidd med benkar og bord. Det gir eit godt bakteppe for delar av festivalen. Både fredag og laurdag kan du i følgje festivalprogrammet nyte musikk og litteratur på Sørbrandal.
 

Utanfor Sørbrandal kraftverk kan du nyte både musikk og litteratur. Tussa opnar dørene til kraftstasjonen slik at du også kan sjå deg omkring inne. (Arkivfoto.)
 
 

Bidreg til liv og røre på søre

Tussa støttar kvart år over 100 lokale lag og organisasjonar, og er ein viktig sponsor og samarbeidspartar for lokale lag, foreiningar, kulturaktørar og festivalar. 
 
Tussa si sponsorverksemd blir gjort med utgangspunkt i å bidra til attraktive lokalsamfunn. Både fordi vi ønskjer å gi noko tilbake til samfunna der vi utnyttar felles naturressursar, og fordi vi er avhengige av levande samfunn for å kunne vere ein attraktiv arbeidsplass, rekruttere og behalde dei medarbeidarane vi har. Levande samfunn er også avgjerande for kundane og leverandørane våre.
 
Då er det berre å ønskje framleis god sommar, og god festival!

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200