RSS - Tussa
(23.05.2018)
 

Elevar besøkte Ørsta eldhus

23. mai var 7. klasse på Velle skule på besøk på Ørsta eldhus. Velle skule er eit av bygga eldhuset leverer varme til, og skulen tek kvart år med ulike klasser for å lære meir om Tussa og eldhuset.

Ørsta eldhus vart sett i drift i 2011 og produserer 8 000 000 kWh i året. Det tilsvarar straumforbruket til 400 gjennomsnittlege bustadhus. Kvart år går flis frå 6 000 tre inn i omnen på eldhuset. Varmen blir levert til ei rekkje verksemder og institusjonar, og eldhuset skal også levere varme til den nye idrettshallen som blir bygd i Ørsta no.
 
Sjuandeklassingane fekk under besøket sjå på flislageret, robotkrana som heiser opp flis, omnen og anlegget inne.
 

Ørsta eldhus er heilautomatisk. Her er robotkrana som matar omnen med flis. Kapasiteten er 5 m3 i timen. Robotkrana transporterer også flis frå tippegropa, og kapasiteten er då 20 m3 i timen. Ørsta eldhus har ein lagerkapasitet på inntil 1 100 m3 flis.
 

Elevane kikar inn i omnen. Omen varmar opp vatn som går i rør frå Ørsta eldhus og til kundane. Vatnet held ein temperatur på om lag 85 grader. Kundane nyttar det varme vatnet til oppvarming av bygg. Vatnet går deretter i retur til Ørsta eldhus for ny oppvarming. Omnen produserer 2 500 kWh i timen ved maks produksjon. Den brukar då om lag 1 100 kg med flis, som tilsvarar to lass med grabben i timen.
 
 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200