RSS - Tussa
(19.01.2018)
 

Del di #strømglede – vinn elsykkel!

Kva set du mest pris på med straumen? Tysdag 23. januar feirar vi Straumen sin dag. Del di #strømglede på Facebook eller Instagram og bli med i konkurransen om flotte premiar!

Straumen gir oss lys, varme og opplevingar i kvardagen. Han er både rimeleg og utsleppsfri, derfor kan vi bruke han med godt samvit. Visste du til dømes at det kostar fire kroner å lade ein mobiltelefon kvar dag eit heilt år? Eller tre kroner å ta ein varm dusj?
 
Kva trur du er straumfavorittane til Torbjørn Røe Isaksen og Trine Skei Grande? Det får du vite på Straumen sin dag Facebook-side fram mot sjølve dagen 23. januar. Der og på Instagram kan du også dele bilde av din elektriske favorittdings. Viss du taggar bildet med #strømglede, er du med i Energi Norge si konkurranse om ein elsykkel og 10 elektriske lystennarar. Vinnarane blir kåra 24. januar.
 
– På vegen mot eit fullelektrisk samfunn er det viktig å auke forståinga for straumen sin verdi i alle menneske sine liv. Dette handlar både om komfort i kvardagen og om å velje klimavennlege energiløysingar for framtida, seier administrerande direktør Oluf Ulseth i Energi Norge.
 
Straumen sin klare miljøfordel er at han er utsleppsfri både når vi transporterer han og brukar han. I Norge er også sjølve straumproduksjonen utsleppsfri, takka vere 1500 vasskraftverk over heile landet som leverer 96 prosent av straumen. I tillegg ser vi ein aukande produksjon av vind- og solkraft.
 
Den rike tilgangen på straum, gjer at vi kan elektrifisere mykje av det som går på fossil energi i dag. Dette gjeld både vegtrafikk, sjøtransport og til og med luftfarta. Nyleg lanserte Avinor sitt mål om at all norsk flytrafikk skal være elektrisk innen 2040. Første rutefly skal vere i drift allereie i 2025.
 
Det vil gi både lågare utslepp, mindre støy og rimelegare flybillettar. Snakk om #strømglede!

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200