RSS - Tussa
(28.02.2021)
 

Brot i forhandlingane mellom Telia og NENT

Det er brot i forhandlingane om ny distribusjonsavtale mellom Telia og NENT. NENT er leverandør av mellom anna TV3, V4, TV6 og Viaplay. Fram til Telia og NENT blir samde, vil diverre ikkje desse kanalane vere tilgjengelege for Tussa sine TV-kundar.

Telia har lagt inn 25 ekstra TV-poeng slik at du kan velje anna innhald i den perioden innhaldet frå NENT ikkje er tilgjengeleg.

Telia opplyser at deira mål i alle forhandlingar er at du som kunde skal få best mogleg innhald, kvalitet og valmoglegheiter, noko dei utfordrar NENT på. Diverre vart dei ikkje samde før fristen gjekk ut 1. mars, og kanalar og strøymetenester frå NENT vert difor ikkje tilgjengelege.

Telia jobbar no for at perioden utan desse kanalane og tenestene skal bli kortast mogleg.

På Telia si nettside vil du finne oppdatert informasjon om den pågåande prosessen og kva den betyr for deg som kunde.

 

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200