RSS - Tussa
(24.01.2020)
 

Besøk på Gjerdsvika kraftverk

Onsdag fekk 9. klasse på Gursken oppvekstsenter lære meir om fornybar energi og vasskraftproduksjon, då dei besøkte Gjerdsvika kraftverk.

Gursken oppvekstsenter besøkjer Gjerdsvika kraftverk
​Jens Petter Leite er stasjonsansvarleg i Tussa Energi, og han tek ofte i mot skuleelvar på dei ulike kraftverka våre. Denne gongen var det Gjerdsvika kraftverk som fekk besøk, av elevar som har fornybar energi og vasskraftproduksjon som pensum.  
 
Tussa eig og driv 22 vasskraftverk. Gjerdsvika kraftverk har ein normalproduksjon på 14,3 GWh i året. Kraftverket vart sett i drift i 1954, og modernisert i 2007.
 
Samfunnsansvar
Tussa tek gjerne i mot skulelevar til omvising på anlegga eller administrasjonsbygga våre. Å stille opp og vise kva vi jobbar med og kva som vert skapt av verdiar i lokalsamfunna er viktig for oss, og ein del av samfunnsansvaret vårt. 
 

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200