RSS - Tussa
(23.08.2018)
 

Aukar produksjonen med 12 GWh i Tussa kraftverk

Tussa kraftverk på Bjørke har blitt oppgradert med nye turbinar og ny teknologi. Etter fem månader med produksjonsstopp, er kraftverket no tilbake i ordinær drift.

Tussa kraftstasjon
Tussa kraftverk er det største av Tussa sine 21 vasskraftverk. I mars starta Tussa å demontere kraftverket. Dei to aggregata har blitt plukka frå kvarandre, nye turbinhjul er sett inn, konstruksjonen er forbetra og kraftverket har fått nye system for overvaking, styring og regulering.
 
Ny kraft frå gamalt kraftverk
Arbeidet har vore omfattande, men så er også gevinsten stor. Oppgraderinga gir ein auke i kraftproduksjonen på 12 GWh (12 millionar kilowattimar) kvart år. Det tilsvarar årsforbruket til om lag 600 bustadhus. 
 
Etter oppgraderinga er normalproduksjonen ved Tussa kraftverk 276,4 GWh.
 
Tussa kraftverk 23. august 2018. Dei gamle løpehjula står framleis i stasjonen, fremst på biletet. 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200