RSS - Tussa
(04.05.2016)
 

Auka produksjon ved Åmela kraftverk

Åmela kraftverk er i drift igjen etter stans i over tre månader. Turbinen har fått nytt turbinhjul med auka effektivitet som resultat. Også generatoren har blitt rehabilitert med mellom anna omkiling av statorviklinga. Høgare verknadsgrad gjer at årsproduksjonen ved kraftverket vil auke med om lag 5 GWh.

IMG_4351s.jpg
Det har vore hektiske dagar for Tussa sine folk og montørar og prøveingeniørar frå Rainpower og GE. Tysdag kveld 3. mai kom kraftverket på nett, og det i god tid til snøsmeltinga som kjem for fullt denne helga. Grunna ein kald april er det framleis nokre meter å gå på før magasinet er fullt.
 
Modernisering av kraftverk
For å utnytte vasskrafta på ein driftssiker og god måte, har Tussa eit moderniseringprogram for dei eldre kraftverka. Ved å byte ut gamle delar og automatisere enkelte prosessar har vi auka årsproduksjonen ved ei rekkje av kraftverka våre. Åmela kraftverk har gått med originale delar sidan kraftverket vart starta opp i 1977. Oppgraderingsarbeidet starta i januar i år.
 
 
 

Feiring tysdag då Åmela var i drift igjen
 
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200