RSS - Tussa
(02.11.2020)
 

9 av 10 på søre Sunnmøre kan kople seg til fibernettet

- Vi ønskjer å få fiber fram til fleire, seier Tussa, som ikkje vil stoppe utbygginga enno.

Sidan første spadetaket vart tatt for 11 år sidan har Tussa lagt 2 500 kilometer med fiberkabel og investert 650 millionar kroner. Det har resultert i ei svært høg fiberdekning. I dag kan 90 prosent av husstandane og bedriftene i dei sju kommunane på søre Sunnmøre kople seg til fibernettet.
 
Rekordår for Tussa
I år, trass koronasituasjonen, går det mot leveranserekord for Tussa. Prognosane viser at heile 2 100 kundar kjem til å bli kopla opp på fiber før det nye året skytast inn. Den førre årsrekorden var på 1 990 oppkopla kundar på eitt år.
 
- Høg etterspurnad og ein mild vinter med gode graveforhold er noko av forklaringa. Vidare må vi rose det gode samarbeidet vi har med dugnadsgjengane rundt om i utbyggingsfelta våre. Godt samarbeid med kundane gir god framdrift, og dugnadsprosjekta gjer at vi kan byggje ut fiber til endå fleire, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
For sjølv om 9 av 10 no kan kople seg til fiberen, har ikkje Tussa planar om å stoppe fiberutbygginga. Gjennom fleire dugnadsprosjekt og tilgang til statlege støtteordningar ser Driveklepp føre seg å levere fiber til mange også neste år.
 
Robust infrastruktur
Fibernettet til Tussa er like langt som strekninga frå Lindesnes til Nordkapp, og det er lagt ned betydelege ressursar i å gjere nettet så robust som mogleg. Kundane stiller stadig høgare krav til oppetid og hastigheit, og Tussa er godt budd for framtida.
 
- Vi har etablert mange fiberringar som gjer oss mindre sårbare dersom ein fiberkabel blir grave av. Behovet for kapasitet er i sterk vekst, og vi har difor oppgradert hovudkomponentane i kjernenettet til ein kostnad på om lag 10 mill. kr. Det gjer at vi kan skalere kapasiteten i tråd med utviklinga av etterspurnaden framover, seier Driveklepp.

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200