RSS - Tussa
(19.11.2017)
 

100 år med kraft i Gjerdsvika

Over 100 personar tok turen då Gjerdsvika kulturlag og Tussa inviterte til open dag på kraftstasjonen i Gjerdsvika. Anledninga var å markere 100 år med kraftproduksjon i bygda.

Det var fullt hus i kraftstasjonen då markeringa starta klokka 14 søndag. Her var det sett fram langbord til gjestane.
 
Gjerdvika har hatt kraftproduksjon i bygda sidan 1917, men dette gamle kraftverket eksisterer ikkje lenger. Tussa sitt kraftverk i bygda vart sett i drift i 1954, og vart modernisert i 2007.
 
Gjerdsvika er eit av Tussa sine 21 vasskraftverk, og produserer 14,3 GWh fornybar energi i året
 
Kulturlaget hadde invitert Jakob Strand til å fortelje historia om kraftproduksjonen i bygda
 
 
 
 

 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200