RSS - Tussa
(24.09.2018)
 

- Bedrifter må satse meir på IT-sikkerheit

Det var bodskapen då Tussa presenterte si nye IT-sikkerheitsteneste Tussa MSS under Lindbak Expo denne veka. Tussa samarbeider med Pedab Norge om sikkerheitstenesta som er installert i Tussa sitt datasenter. Tenesta overvakar og varslar om uønska trafikk i bedrifter sitt datanettverk.

Sals- og produktsjef i Tussa, Norodd Dyrhovden, presenterte Tussa si nye sikkerheitsteneste under Lindbak Expo 20. september

Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IT-sikkerheitsmarknaden er i vekst, mykje som følgje av omfattande dataangrep mot store bedrifter siste åra. Mest kjent er kanskje angrepet mot det danske Mærsk-konsernet, men vi har også døme på alvorlege tilfelle av dataangrep i Noreg og lokalt på Sunnmøre. Felles for dei er alvorlege konsekvensar for bedriftene som har vorte råka.

  Auka etterspurnad etter sikkerheitstenester
- Årleg oppstår om lag 10 000 nye IT-relaterte sårbarheiter. Mangel på sikkerheitskompetanse gjer at bedriftene treng hjelp. Dette har gitt IT-sikkerheit stor merksemd, og Tussa er blant dei som har fått auka etterspurnad både etter IT-konsulentar og sikkerheitstenester, seier Ivar Driveklepp, adm. direktør i Tussa IKT.
 
I nært samarbeid med Pedab Norge har Tussa lansert ei ny teneste som overvakar datatrafikken til bedrifter døgnet rundt, heile året. Løysinga blir automatisk oppdatert etter kvart som nye truslar eller sårbarheiter blir oppdaga ein eller annan stad i verda.

- Dersom nokon av kundane våre har denne sårbarheita i infrastrukturen sin, vil dei umiddelbart bli varsla og få forslag til kva tiltak dei må gjere for å beskytte bedrifta. Kombinasjonen av eit automatisert system, Pedab Norge sitt analyseteam og Tussa sine IT-konsulentar gjer bedriftene i stand til å ta store steg når det gjeld å sikre seg mot dataangrep, seier Driveklepp.

For alle typer bedrifter
Tussa har jobba med IT-sikkerheit i fleire år og såg at marknaden var moden for det nye sikkerheitsproduktet. Fleire større selskap, både internasjonale og regionale bedrifter, har allereie tatt i bruk løysinga.

- For Tussa har det vore viktig å skape ei sikkerheitsløysing som fungerer både for private og offentlege bedrifter i alle størrelsar. Kombinasjonen av kontinuerleg manuell og automatisk analyse frå både Tussa og Pedab Norge, i tillegg til IBM sitt miljø innan cybersecurity gjer bedriftene godt rusta mot framtidige dataangrep. Dette vil også støtte opp under innføring av GDPR, krav om rask identifisering av sikkerheitsbrot og omfanga av desse, avsluttar Driveklepp.

 


 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
phone.png
Kundeservice 700 46 300
Sentralbord 700 46 200