Sjutoppsturen 2019
For 15. gong arrangerer Sandsøy IL den populære Sjutoppsturen i påska. Vi spanderer 100 startkontingentar i mosjonistklassen til heldige kundar som blir med i trekninga vår.
ARRANGEMENTET ER FERDIG!
Sjutoppsturen vert arrangert på Sandsøya, langfredag 19. april
Du kan vere med i trekninga av gratis startkontingent i mosjonistklassen for inntil 2 vaksne og 4 barn.
Litt informasjon om Sjutoppsturen frå nettsida til Sandsøy IL:
Sjutoppsturen er 15 km lang, og går i variert terreng, med om lag til saman ±1000 høgdemeter. Middels krevjande totalt sett, normalt spreke folk brukar vanlegvis 4-6 timar på turen. Siste delen ned frå Signalen til Hellandsvågane er eit kort stykke svært bratt. Her er det montert solide tau til å halde seg i.
Ta turen til Sandsøy for ei uforgløymeleg friluftsoppleving!
Vi spanderer 100 gratis startkontingentar i mosjonistklassen til kundane våre. Dersom du ønskjer å vere med i trekninga kan du klikke på linken under og sende inn skjema.
-
Du får SMS med melding om du har fått gratis startkontingent(ar), eller ikkje, etter trekninga (4. april)