Herøyspelet
Vi inviterer kundane våre til Herøyspelet - Kongens Ring laurdag 6. juli kl 17.00 på Herøy Gard/Kystmuseum. Vi har 50 gratis billettar som vi trekkjer blant heldige kundar. I tillegg til gratis billettar spanderer vi kaffi, vaflar og kongsvatn.
ARRANGEMENTET ER FERDIG!
Du kan vinne gratis billettar til Herøyspelet si framsyning
Laurdag 6. juli kl. 17
Maks 2 billettar pr. kunde.
Klikk her og fyll ut skjema så er du med i trekninga!
-
Frist: 1. juli.
-
Du får SMS med melding om du har fått gratis billettar, eller ikkje, etter trekninga (2. juli).
Litt om Kongens Ring
Herøyspelet «Kongens Ring» er eit sogespel som årleg vert framført første helga i juli på «sagaøya Herøy» i Herøy. Sidan musikken og songen har så framtredande roller, vert spelet med rette kalla "Vikingmusikalen i havgapet".
Spelet har ei varigheit på 1,5 time. Aktørane i Herøyspelet er mange. Kring 200 aktørar er i sving på sjølve sceneområdet, medan kring 150 personar arbeider i støttefunksjonar. Herøyspelet er såleis ein av dei største faste kulturdugnadane i vår del av landet.