Varmepumpe

Innedelen kan ikkje blåse kald luft om ikkje aircondition er sett på. Om lufta frå innedelen kjennast kjøleg eller kaldare enn normalt, kan det vere to grunnar. Ønskt temperatur er oppnådd og varmepumpa sirkulerer lufta som er i rommet, sjekk likevel at fjernkontrollen står på oppvarming og ikkje aircondition. Den andre årsaka er at pumpa held på å avrime. Då tek ho med seg litt av varmen inne ut og avrimar pumpa.
Når kald luft blir varma opp eller varm luft blir kjølt ned blir det danna kondens. Det er nettopp dette som er grunnen til at det renn vatn frå utedelen. Vassmengda kan vere betydeleg, med over ein liter i timen ved høg luftfuktigheit. Ved heilt ekstreme forhold kan ei varmepumpe produsere så mykje som 30 liter vatn pr. døgn. Det er difor svært viktig å halde botnpanna på utedelen fri for rusk, som blad o.l. Er det tett i botnpanna og vatnet ikkje får renne fritt frå varmepumpa kan utedelen fryse til ein massiv isklump, som i verste fall kan gjere at pumpa ryk.

Dette er heilt normalt. Dette skjer i etterkant av avriming, når temperaturen til innedelen sine rør får anna temperaturforandring etter ei avriming. I tillegg kan ein høyre lyd som kan minne om kokande vatn, det er fordi gassen vandrar i røra og gir desse lydane.

Vi tilrår å støvsuge filtera i varmepumpa minst ein gong i månaden. Gjerne hyppigare. Les nøye bruksrettleiinga for korleis du reingjer varmepumpa di. Dette kan variere frå pumpetype til pumpetype.
Det er svært viktig at ein reingjer pumpa sjølv slik det står i bruksrettleiinga. Men vi tilrår sterkt at de utfører service på varmepumpa omkring anna kvart år. Hyppigheita varierer frå pumpe til pumpe. Les bruksrettleiinga og sjekk kva som blir tilrådd for akkurat di pumpe. Jamleg service av pumpa vil sikre deg god og stabil drift i mange år.
Dei fleste varmepumper har ulike typar partikkelfilter, lukt, ioniseringsfilter eller liknande. I bruksrettleiinga finn du rettleiing for kor ofte ein bør skifte desse filtera, ev. korleis ein vaskar slike filter. Dette varierer frå pumpe til pumpe og kva filter ho har.
Nei, vi tilrår alle å stille inn varmepumpa slik at ho varmar. I automodus vil ho varme opp, men også kjøle ned. Viftehastigheita kan du likevel setje i auto om du ønskjer det, men dette er smak og behag.
Ei luft-luft varmepumpa består av to einingar. Ein inne og ein utedel, og på alle pumpene våre er det berre ein straumtilførsel for begge einingane (dette er mest normalt). Ved å ha jorda kontakt vernar du varmepumpa mot t.d. spenningsfeil. Dette er også for å beskytte deg som brukar frå å få elektrisk sjokk. Varmepumpa har mange komponentar som kan ryke ved spenningsfeil, samt at alle varmepumper krev at det er sett på ein jordkurs. Utan dette fråfell reklamasjonsretten til kunden.
Nei. Senkar du temperaturen med meir enn 2 grader, vil varmepumpa bruke meir energi på å varme oppatt desse to gradene, enn det du sparte med å senke temperaturen om natta.
Ja, skal du reise vekk over lengre tid, ferie eller liknande er det lurt å senke temperaturen. Det er likevel svært viktig å ikkje stole blindt på ei varmepumpe eller berre ha varmepumpe som oppvarming. Ei varmepumpe er som alle andre elektriske/tekniske komponentar/maskiner. Det kan oppstå teknisk feil eller ved ekstremt låge temperaturar at varmepumpa ikkje startar opp av seg sjølv etter ei avriming t.d. Det er difor viktig å ha panelomnar med termostat, som er innstilt lågare enn det varmepumpa er stilt inn på., men samtidig høgt nok så du sikrar huset ditt for frostskader på vassrør o.l.
Ja, det kan ein. Ei varmepumpe er termostatstyrt og vil justere seg etter temperaturen i rommet. Det som er viktig er at varmepumpa ikkje er innstilt på auto, då vil ho byrje å kjøle ned rommet.
Den enklaste testen er å peike rett mot varmepumpa og trykkje på av-knappen. Slår varmepumpa seg av, virkar fjernkontrollen. Sjølv om ein har lys og teikn opplyst på fjernkontrollen, kan likevel batteria vere så dårlege at dei ikkje klarer å sende signal. Det er også viktig at du peikar kontrollen rett mot varmepumpa.
 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta