Telefoni

Tussa kan tilby fleire ulike kraftprodukt, breiband, telefoni og digital-TV. I tillegg kan vi utføre alle typer el-installasjonstenester for både privatpersonar og bedrifter.
 
Vi tilbyr også eit komplett utval av tenester og produkt innanfor IT til bedriftsmarknaden.
 
Ta gjerne kontakt med ein av kundebehandlarane våre på telefon 70 04 63 00 for å få informasjon om kva produkt som passar behovet ditt!

Les meir om:



Ved bestilling av Tussa Breibandstelefoni må du ta stilling til om du vil behalde det telefonnummeret du allereie har, eller om du vil ha nytt telefonnummer. Ønskjer du å behalde telefonnummeret ditt, tek Tussa ansvar for å portere det. Dette kostar 100 kr per nummer. Om du ikkje har hatt fasttelefon tidlegare, eller ønskjer nytt telefonnummer, får du dette tildelt frå Tussa. Dette medfører ingen kostnader.

Viktig informasjon:
Dersom du skal behalde telefonnummeret ditt, skal du ikkje seie opp telefonabonnementet du har med den noverande leverandøren din.

Dersom du ikkje ønskjer å behalde telefonnummeret ditt, men ønskjer nytt nummer frå Tussa, må du seie opp telefonabonnementet du har med den noverande leverandøren din. Les meir om dette i avtalevilkåra pkt. 3.2

Avtalen (telefonabonnementet) kan seiast opp av kvar av partane med varsel ein månad på førehand.

Ring Tussa Kundesenter på telefonnummer 70 04 63 00.

Ein analog telefon er det vi alle kjenner som den tradisjonelle telefonen med berre ei linje og avgrensa tenesteutval.

ISDN er ein telefontype med utvida tenestetilbod.
ISDN-telefonar kan ikkje brukast med Tussa Breibandstelefoni

Du kan vidarekople til andre telefonar, også mobil. Dette kan du gjere direkte frå telefonapparatet.

Oversikt over koder for diverse vidarekoplingar:

Fast vidarekopling
Aktivering *21* [vidarekoplingsnummer] #
Deaktivering #21#

Vidarekopling ved opptatt
Aktivering *67* [vidarekoplingsnummer] #
Deaktivering #67#

Vidarekopling ved ikkje svar (20 sek som standard)
Aktivering *61* [vidarekoplingsnummer] #
Deaktivering #61#

Dersom det oppstår feil, prøv med ein omstart av modemet ved å bruke brytaren bak på modemet eller dra ut stikkontakten. Sjå over at kablane er kopla skikkeleg.

Dersom dette ikkje er hjelp i kan du prøve å ta ein reset av modemet ved å bruke ein skarp gjenstand i reset-knappen på venstre side til du høyrer eit klikk (om lag 10 sekund). Om dette ikkje er til hjelp, kontakt Kundesenteret på tlf 70 04 63 00 (innval 2).

 

I utgangspunktet er det ikkje lagt inn sperrer på telefonabonnementa. Ved å vende deg til kundesenteret på telefonnummer 70 04 63 00 kan du bestille sperring på
- Utanlandssamtalar
- Service- og underhaldningsnummer som byrjar med 820/829

Du kan kople til to telefonlinjer og ha to samtalar samstundes.

 
 
 
 
 
DI SIDE
 
 
 
 
 
 
 

Gløymt passord?    Registrer brukar

Logg inn med

 
 
Telefon
Kundeservice: 70 04 63 00
 
 
 
 

Opningstider kundeservice:

Straum
Måndag–fredag kl. 08.00–16.00
 
Breiband, TV & Telefoni
Måndag–fredag kl. 08.00–19.00
 

Besøksadresser kundesenteret:

Straum
Industrivegen 6, 6080 Gurskøy
Sjå køyrerute
 
Breiband, TV & Telefoni
Langemyra 6, 6150  Ørsta